Fjellskred

Foto av fjellparti i Vang i Valdres ved navn Skutshorn. Inntegnet er en heltrukket rød linje som markerer mulig skredområde.
Skutshorn med øvre grense av dei ustabile massene inntegna med heil raud linje. Markering av skredet er satt ut i frå NGUs oppmåling. Bildet er tatt mot NØ. Foto: NGI.

Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934. I Innlandet er det eitt fjellparti som i løpet av 2023 skal få system for døgnkontinuerlig overvaking: Skutshorn i Vang i Valdres som har blitt periodisk overvaka sidan 2018.

Korleis handterer vi fjellskred i Noreg?

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det nasjonale ansvaret for å sikre menneske og materielle verdiar mot skred. NGU utfører kartlegging og risikoklassifisering av ustabile fjellparti på oppdrag for NVEog NVE har ansvar for overvaking av fjellparti med moderat og høg risiko.

Overvaking og varsling

Overvakinga kan delast i to nivå:

  • Kontinuerleg sanntidsovervaking av fjellparti med høg risiko etter krav i byggteknisk forskrift (TEK 17 kap 7).
  • Periodisk overvaking av fjellparti med moderat risiko (måleintervall på ei veke eller kortare med satellittbasert radar-måling mot reflektorar. I tillegg kan det verte gjort periodiske GPS-målingar og bakkebasert radarmåling). 

NVE har planar og utstyr for å raskt etablere kontinuerleg sanntidsovervaking for periodisk overvaka fjellparti ved behov. For meir informasjon om korleis tryggleiken mot fjellskred og sekundærverknadar av desse skal ivaretakast i arealplanar og byggesaker, sjå nettsidene til NVE om arealplanlegging.