Søknadsfristen for rovvilterstatning nærmar seg

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er ope og søknader skal sendast inn innan 1. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.10.2015

Det er obligatorisk å sende inn søknaden på det elektroniske søknadssenteret på Miljødirektoratet si heimeside (sjå lenkje til høgre). Alle søkjarar blir oppmoda om å lese skildringa i den elektroniske søknaden for å sikre at all påkravd informasjon kjem med.

Dersom det er problem med å levere søknaden elektronisk kan ein ta kontakt med Fylkesmannen. 

Samarbeidsrådet for Sauekontrollen har ikkje lenger utveksling av data med Miljødirektoratet sine databasar. Alle søkjarar må difor ha med individlister som vedlegg til søknaden. Listene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon.

 

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto (Foto: Miljødirektoratet)

Søknader i område utan dokumentert bestand av freda rovvilt og/eller utan dokumentert skade vil normalt få avslag. Ved mistanke om skade frå freda rovvilt er det viktig å melde raskt frå til Statens Naturoppsyn. For meir informasjon kan rovviltportalen vere nyttig. 

Vi gjer merksam på at ordninga «Erstatning for tap av sau på beite» no er avvikla. Denne ordninga gjaldt ikkje tap til rovdyr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.