Alle fylkesmennene tek inn lærlingar
Fylkesmannen i alle fylka skal ta inn minst éin lærling i 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.02.2016
Regjeringa legg vekt på at offentlege verksemder tek inn lærlingar. Alle fylkesmennene er i brevs form oppmoda om å leggje til rette for læreplassar i verksemda. I årets tildelingsbrev som går ut til alle fylkesmennene, heiter det at kvart fylkesmannsembete skal knyte til seg minst éin lærling i 2016. I framtida vil det vere eit krav at verksemda alltid har minst éin lærling.