Nytt rundskriv om fri rettshjelp
Statens sivilrettsforvaltning har utarbeidd eit nytt rundskriv om fri rettshjelp som gjeld frå 1. januar 2017.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.01.2017
Rundskrivet erstattar Justisdepartementet sitt rundskriv G-12/05. Strukturen er i hovudsak som tidlegare. Den største endringa er at retningsliner og praksis er oppdatert. Rundskrivet omtalar også lovendringane på rettshjelpsområdet, som får verknad frå 1. januar 2017.
Dette er nokre av dei viktigaste endringane som gjeld frå 01.01.2017:
- saker om felleseigeskifte etter ekteskapslova del II fell ikkje lenger inn under reglane om fri sakførsel etter rettshjelpslova § 16 andre ledd. Tilsvarande gjeld saker om økonomisk oppgjer mellom sambuarar. Desse sakstypane vil bli rekna som uprioriterte fri sakførselssaker. Sjå meir om dette under pkt. 7.4.2 i rundskrivet.
- maks eigenandel i fri sakførselssaker vert endra frå 5 til 8 gongar den offentlege salærsatsen, jf. rettshjelpslova § 9 tredje ledd.
- det er gitt nye retningsliner for økonomisk dispensasjon i fritt rettsrådssaker. I praksis går endringa ut på at det kan gis dispensasjon frå dei økonomiske vilkåra ved ei inntektsoverskriding på inntil kr. 20.000, dersom søkjaren heilt eller delvis har forsørgjaransvar for barn. Du kan lese meir om dette under punkt 4.4.2 i rundskrivet.
Det kan òg nemnast at ny salærsats i rettshjelpssakene blir på kr 1 020,- frå og med 01.01.2017. Ny tolkesats for 2017 vert då kr 816,-.
Lenkje til nytt lovverk og den nye rundskrivet finn du i menyen til høgre.