Barnehage
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen
Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.
Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.
Kommunens ansvar
Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.
Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.
Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn
Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.
Statsforvaltaren er klageinstans
Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.