Ein trygg skuledag utan mobbing
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan krenking eller mobbing. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss du meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpe deg, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.
Sei frå til rektor først
Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen må undersøke det som har skjedd. Undersøkinga skal gje skulen informasjon slik at dei kan lage tiltak for å hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner og kva du ønskjer av tiltak - hvis du vil. Du har også rett til å seie di meining sjølv, eller late andre gjere det for deg. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for at du skal ha det trygt og godt på skulen.
Skulen skal alltid lage ein skriftleg plan med tiltaka som viser korleis dei skal hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner om planen, og du har rett til å få planen frå skulen.
Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok
Rektor må kjenne til korleis du opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar på å gjere deg trygg på at skulen skal hjelpe deg. Viss du etter dei fem arbeidsdagane ikkje er trygg på at skulen vil klare å hjelpe deg, kan du melde frå til oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Dersom vi ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.
Lenkjer
Dette står i lova
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø.
Alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.
Skolen skal hele tiden jobbe for å få et best mulig skolemiljø og at skolen skal oppleves som trygg og god for elevene. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.
Alle voksne som jobber på skolen skal følge med på at elevene har det bra og gripe inn mot mobbing og annen krenking. De skal også varsle rektor hvis de får mistanke og kjennskap til at en elev ikke har det trygt og godt.
Dette står i opplæringsloven kapittel 9A.