Opplæring innan kriminalomsorga
Oppdatert 03.01.2023
Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning, heller ikkje dei som sit i fengsel.
Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa.
Statsforvaltaren i Vestland har eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg.