Kongelege besøk

Oppdatert 05.01.2024

Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Statsforvaltaren har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluere kongeleg besøk i samråd med Det kongelege hoff. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet. 

Presseprogram og akkreditering

Ein viktig del av oppgåva vår er å leggje til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar vi eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkje det kongelege besøket, må søkje om akkreditering. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema på nettsidene til Statsforvaltaren. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.

Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruke pressepool eller fotopool. Det vil seie at nokre få av dei akkrediterte får vere til stades mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når vi brukar pool, følgjer vi Norsk Presseforbunds poolreglement.

Invitasjonar

Arrangørar som ønskjer å invitere medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å sende invitasjonen til Statsforvaltaren i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Statsforvaltaren bringar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer