Trus- og livssynssamfunn
Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Trussamfunnslova stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Nye trus- og livssynssamfunn må registrere seg før dei kan få tilskot. Alle samfunna skal bruke den digitale løysinga til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot med meir. Fristen for å kreve tilskot er 1. mars kvart år.
Satsen som blir brukt for å berekne statstilskotet til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1419 kroner per medlem.
- Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandlar saker som gjeld samfunn i Oslo og Viken.
- Saker som gjeld trus- og livssynssamfunn med adresse utanfor Oslo og Viken blir behandlla hos Statsforvaltaren i Agder.
Frist for å sende inn årsrapport og rekneskap er 10. april.
Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga.
Lenkjer
Hjelp til innlogging
For å logge inn på den digitale løysinga trykker du på knappen «Digital løysing for trus- og livssynssamfunn».
Trykk deretter på knappen «Logg inn» øvst i høgre hjørne for å komme vidare til ID-porten.
Treng du ytterlegare hjelp eller har ei problemstilling du ønskjer å melde frå om?