Leve heile livet
Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.
Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.
Aldersvenlege samfunn
Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.
Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Leve heile livet handlar om ei rekkje tiltak, nokre er store og omfattande, andre er mindre grep som likevel kan gjere stor skilnad. Besøk gjerne nettsidene til fleire av statsforvaltarane, for å sjå kva som skjer.