Kontakt oss
Vel eit fylke, og finn aktuell kontaktinformasjon til Statsforvaltaren:
Agder | Innlandet |
Møre og Romsdal | Nordland |
Oslo og Viken | Rogaland |
Troms og Finnmark | Trøndelag |
Vestfold og Telemark | Vestland |
Vel digital postkasse
Statsforvaltaren ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Vi kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ønskjer. Det er to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost. Vel digital postkasse på nettsida til Noreg.no.
Unngå å bruke e-post til sensitiv informasjon
Du bør ikkje sende sensitive opplysningar til oss via e-post eller sosiale medium. Ukryptert e-post går ikkje direkte frå sendar til mottakar, men via mange knutepunkt før innhaldet kjem fram til oss. Kommunikasjonen kan i verste fall bli overvaka eller analysert av andre.
I mange tilfelle har vi digitale skjema og tenester du kan bruke, sjå oversikt over skjema og tenester her. I skjema der det er naturleg å leggje inn sensitiv informasjon, må du bruke ein elektronisk ID (e-ID) for å logge inn. Ein elektronisk ID er dessutan viktig for å bekrefte at du er den du seier at du er, og for at vi skal kunne få tilgang til opplysningar om deg.
Felles administrasjon
Statsforvaltarens fellestenester leverer administrative tenester til alle dei ti statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltarane utviklar og driftar Statsforvaltarens fellestenester også digitale tenester til publikum. Hovudkontoret er i Arendal, medan dei fleste medarbeidarane våre har kontor samlokalisert med Statsforvaltaren.
Kontaktinformasjon
Statsforvalteren i Agder
Tlf: 37 01 75 00
Statsforvalteren i Innlandet
Tlf: 61 26 60 00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Tlf: 71 25 84 00
Statsforvalteren i Nordland
Tlf: 75 53 15 00
Statsforvalteren i Oslo og Viken
Tlf: 69 24 70 00
Statsforvalteren i Rogaland
Tlf: 51 56 87 00
Statsforvalteren i Troms og Finnmark
Tlf: 78 95 03 00
Statsforvalteren i Trøndelag
Tlf: 74 16 80 00
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Tlf: 33 37 10 00
Statsforvaltaren i Vestland
Tlf: 57 64 30 00