Verjemål
Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.
Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje.
Statsforvaltaren er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Statsforvaltaren du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje.
Klagerett
Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Sivilrettsforvaltninga, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.
Vil du bli verje?
Det er ulike typar verjer:
- Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
- Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
- viss du er forelder til vaksne barn
- viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
- viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
- Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.
Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.
Du kan søkje om å bli verje eller representant for einsleg mindreårig asylsøkjar ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet. Søknaden blir behandla hos Statsforvalteren der du søkjer oppdrag.