Utdanning i utlandet
Fleire stader i utlandet finst det norske private skular. Dette er skular som er godkjende etter privatskulelova, og som har rett til offentleg tilskot.
Norske grunnskular i utlandet kan søkje om godkjenning etter privatskulelova. Utdanningsdirektoratet fører tilsyn med skulane, og betaler ut tilskot til godkjende skular.
Om skulane
Berre skular godkjende av Utdanningsdirektoratet får offentleg tilskot. Skulane må følgje privatskulelova med forskrifter. Skulane representerer ikkje norske styresmakter, men er oppretta på privat initiativ. Nettsida til kvar enkelt skule har meir informasjon.
PP-teneste ved norske skular i utlandet
Etter privatskulelova har elevar rett til spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Statsforvaltaren i Oslo og Viken har ansvar for pedagogisk-psykologisk teneste til elevane og skulane. Utdanningsdirektoratet er klageinstans. PP-tenesta i utlandet er for elevar i både grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Barn under opplæringspliktig alder (førskulealder) har ikkje lovfesta rett til pedagogisk-psykologisk teneste.
Les meir om PP-tenesta i utlandet på denne sida.
Stipend- og støtteordningar for studentar i utlandet
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse skal styrkje kvaliteten i norsk utdanning. Direktoratet fremjer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer.