Kvalifiseringsprogrammet
Kvalifiseringsprogrammet skal medverke til at fleire med nedsett arbeids- og inntektsevne og med få eller ingen ytingar frå folketrygda kvalifiserer seg til og kjem ut i arbeid. Dette skal skje gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging frå Nav.
Kven kan delta i programmet?
Målet med kvalifiseringsprogrammet er å styrkje innsatsen overfor personar som er eller kan bli avhengige av sosialstønad over lengre tid. Alle i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- og inntektsgrense og ingen eller avgrensa ytingar til livsopphald, kan ha rett til å delta i programmet. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Deltaking i eit kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Sidan stønaden er føreseieleg, gir han mottakaren høve til å planleggje økonomien sin over tid.
Kvalifiseringsprogrammet er eit viktig tiltak mot fattigdom.
Statsforvaltarens oppgåver
Statsforvaltaren har fleire oppgåver i samband med kvalifiseringsprogrammet. Statsforvaltaren skal blant anna
- føre tilsyn med Nav-kontora
- gi opplæring til tilsette ved Nav-kontora om kvalifiseringsprogrammet
- sikre forankring i leiinga i kommunane
- samordne tiltaks- og kompetanseaktivitetar i kvalifiseringsprogrammet mot Nav Fylke
- gi rettleiing, formidle kunnskap og setje i verk kompetansehevande tiltak for leiinga og tilsette ved Nav-kontora
- behandle klagesaker