Tiltak mot fattigdom

Oppdatert 20.12.2023

Det er ei samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det er menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Statsforvaltaren skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Statsforvaltaren fører tilsyn med korleis kommunane praktiserer sosialtenestelova. Vi skal bidra til å auke kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Statsforvaltaren skal mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Statsforvaltaren tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir


Publisert 23.01.2019

Ny samarbeidsavtale med Husbanken i 2019

I løpet av 2019 skal Fylkesmannen i Troms og Finnmark og Husbanken nord inngå en ny samarbeidsavtale for å støtte kommunenes arbeid med å hjelpe vanskeligstilte på boligmarkedet.