Turnusteneste

Oppdatert 06.01.2023

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Legar i spesialisering

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

Statsforvaltaren har ansvar for å opprette, godkjenne og kvalitetssikre eit tilstrekkeleg tal LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta. Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (turnusregion Nord, Midt-Vest og Sør-Øst). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • Grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Statsforvaltaren refunderer reiseutgifter LIS1 og turnusfysioterapeutar har i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir

Har du spørsmål om autorisasjon og lisens, må du kontakte Helsedirektoratet.


Publisert 29.01.2019

Kurs og gruppeveiledning for LIS 1-leger i Troms og Ofoten fra 1. mars til 1. september 2019

Det er fire obligatoriske kurs og samlinger i perioden.