Kompetansepakkar

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar som gir fagleg påfyll og støtte til å utvikle praksis i skolar, barnehagar, PP-tenesta, lærebedrifter og prøvenemnder.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2022

Kompetansepakkane er ope og tilgjengelege for alle. Det er ingen øvre grense på kor mange deltakarar ein kan vere ved bruk av ei kompetansepakke, og den kan brukast i heile kollegiet. Pakkene kan òg brukast av kvar enkelt tilsett, i grupper, i team eller på trinn. Dei er laga for å jobbe med i fellesskapet og at ein gjer det over tid. Kompetansepakkane har prosess- og leiarstøtte, og innhaldet er tenkt brukt i barnehagebasert eller skolebasert kompetanseutvikling. Det er kompetansepakkar som er tilpassa det trinnet og faget ein jobbar med.

I kompetanseportalen, finn ein mellom anna følgande kompetansepakkar: Støtte til arbeid med læreplanverket, Innføring av nye læreplanar for lærebedrifter og prøvenemnder, Støtte til arbeid med regelverket, Skolemiljø, Digitale ferdigheiter, Eksamens- og prøvesystemet, og andre kompetansepakkar som vil være til støtte når ein skal planleggje og gjennomføra opplæringa.

Ein kompetansepakke er samansett av modular. Modular er delt inn ulike tema. Dei er ofte bygd opp slik:

  1. Introduksjonsmodul: Beskriver tema for kompetansepakka, og korleis dei ulike fagmodulane er bygd opp.
  2. Fagmodular: Presenterer relevant fagstoff gjennom for eksempel tekst eller film, oppgåver som skal løysast og nokre gonger døme på arbeidsprosessar. Det varierer kor mange fagmodular den einskilde kompetansepakke inneheld.
  3. Avslutningsmodul: Oppsummering og vegen vidare.

For å sjå dei ulike kompetansepakkene og opprette ein brukar, klikk her, eller nytt lenka til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.