Samisk opplæring
Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, uavhengig av kor dei bur i landet. Elevane vel sjølv kven av dei tre samiske språka (nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk) dei ønskjer opplæring i. Skuleeigar har det overordna ansvaret for at elevane sine rettar til samisk opplæring blir oppfylte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ordninga for tilskot til samisk språkopplæring i grunnskolen og vidaregåande opplæring er endra frå og med 2023.
Tilskot til samisk i grunnskolen
Grunnlaget for tilskot til samisk i grunnskolen er opplysningar om antal elevar som får opplæring i samisk språk i Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Dette gjeld også dei elevane som får fjernundervisning i samisk språk. Kommunar og private skoler må innan 1. oktober kvart år innrapportere elevar som får opplæring i samiske språk i GSI.
Tilskot til samisk i vidaregående opplæring
Fylkeskommunar og private skolar som oppfyller krava i opplæringslova § 6-3 kan søke til Utdanningsdirektoratet om tilskot innan 15. mai for inneværande skoleår. Antall elevar pr skole med telledato 2. mai, skal komme fram i søknadsskjemaet innsendt av skoleeigar.
Tilskot til videreutdanning i samisk
Tilskot til studiepermisjonar for videreutdanning i samisk blir gitt for å styrke lærarar si kompetanse i samisk språk.
Kontaktpersonar
-
Liv Tone Gundersen
Tlf: 35 58 62 95 / 98 43 91 89 -
Kristine Sti
Tlf: 33 37 24 38
Lenkjer
Dokument
- Retningslinjer fra Kunnskapsdepartementet - Samisk i grunnopplæringen - grunnskole.pdf
- Retningslinjer fra Kunnskapsdepartementet - Samisk i grunnopplæringen - videregående opplæring.pdf
- Retningslinjer fra Kunnskapsdepartementet - Tilskudd til samisk i grunnopplæringen,videreutdanningstilskudd eller tilskudd til stipender for studier i samisk språk.pdf