Medaljar og ordenar

Oppdatert 05.01.2024

Kongens fortenestemedalje vart stifta av H.M. Kong Haakon VII 1. februar 1908. Medaljen blir delt ut som påskjønning for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur.

Fortenestemedaljen blir delt ut som påskjønning for:

  • pionerinnsats eller annan spesiell innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid
  • særleg fortenestefull ulønt innsats over lengre tid i samfunnslivet, i offentlege eller private verv, i frivillige organisasjonar eller i anna samfunnsnyttig verksemd
  • særleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste der innsatsen har lege langt over det normale, og der vedkommande også har vist aktivt samfunnsengasjement utover arbeidsinnsatsen sin
  • ein livsinnsats som kan stå som eksempel for andre

Statuttane for tildeling av Kongens fortenestemedalje blir endra i tråd med samfunnsutviklinga. Den siste endringa vart gjort 30. mars 2012. Etter dei nye statuttane blir det lagt avgjerande vekt på at kandidatar til medaljen har gjort samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. Samstundes blir det ikkje lenger lagt vekt på tenestetid i 40 år eller meir.

Den siste oppdateringa av statuttane medfører også at omgrepet "Kongens fortenestemedalje i sølv" fell bort og blir erstatta av "Kongens fortenestemedalje". Kongens fortenestemedalje i gull blir berre tildelt i heilt ekstraordinære tilfelle og kan ikkje søkjast om.

St. Olavs orden

St. Olavs orden vart stifta av kong Oskar I 21. august 1847 og vart sist revidert 19. juni 2015. Ordenen blir tildelt som påskjønning for ”utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten”.

Søknad om tildeling av Kongens fortenestemedalje og St. Olavs orden skal stilast til H.M. Kongen og sendast via Statsforvaltaren i fylket der kandidaten bur.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.12.2023

Rektor Petter Aasen er tildelt Kongens fortjenstmedalje

Medaljen tildeles for innsatsen Petter Aasen har gjort som forsker, leder og aktiv samfunnsdeltaker gjennom mer enn 40 år.


Publisert 09.11.2023

En hverdagshelt fra Tønsberg på mottakelse på Det Kongelige Slott

Per-Egil Aas mottok Kongens fortjenstmedalje i 2022 og på tirsdag fikk han anledning å takke Deres Kongelige Majesteter, under mottakelse på slottet.