Bruk av tolketenester under koronapandemien
Vi oppfordrar leiarar for kommunale helse- og omsorgstenester og helseføretak om å ha særskilt merksemd på riktig bruk av tolketenester under koronapandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dersom det er tvil om pasientar kan kommunisere på ein tilfredsstillande måte på norsk, skal det bestillast kvalifisert tolk. Heile befolkninga har rett til god tilgang til helseinformasjon og likeverdig tilgang til helsehjelp, også dei som har avgrensa norskkunnskapar.
Det har vore ein betydeleg nedgang i bruk av tolketenester i helsetenesta, spesielt i starten av koronapandemien. Auka bruk av telefontolking, e-konsultasjonar og videokonsultasjonar har medført tekniske utfordringar og behov for opplæring av helsepersonell i tolkebruk.
Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ser behov for gode rutinar for opplæring, bestilling og bruk av kvalifiserte tolkar, spesielt under koronapandemien. I smitteoppsporing er bruk av tolk naudsynt ved språkbarrierar.
Sjå meir i hugselista for leiarar og tilsette for riktig tolkebruk, og les meir om regelverk og rettleiing i brevet frå Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Desse finn du under «Dokument».