Råd til helse- og omsorgsinstitusjonar om besøk i julehøgtida

Jule- og nyttårsfeiringa er snart her og mange som mottek helse- og omsorgstenester vil få besøk eller ønsker å dra heim til pårørande, vener og familie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2020

Samstundes veit vi at bebuarar og pasientar i helse- og omsorgsinstitusjonar og omsorgsbustader ofte har ein høg risiko for å bli alvorleg sjuk av covid-19.

Legge til rette for besøk

Helse- og omsorgsinstitusjonar og omsorgsbustader må legge til rette for at bebuarar og pasientar kan få og/eller dra på besøk, jamfør dei nasjonale anbefalingane om private samlingar. Smittevernet må samstundes være på plass.

Helse- og omsorgstenestene bør gi råd til bebuarar, pasientar og pårørande om kva for besøk som er forsvarleg ut frå smittesituasjonen. De må også få informasjon om kva for smitteverntiltak de må følge.

Det er viktig at det er nok personell på jobb til å sørge for dette, slik at bebuarar og pasientar blir minst mogleg einsame i julehøgtida på grunn av mindre besøk enn vanleg.

Oppdaterte råd og anbefalingar

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har i samband med jula oppdatert dei nasjonale rådene og anbefalingane om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar, omsorgsbustader og liknande:

Sjå Helsedirektoratet sin nettstad

Vær merksam på at lokale helsemyndigheiter kan ha eigne anbefalingar basera på smittesituasjonen i lokalsamfunnet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar