Ekstra tilskot til eldre
Koronapandemien har ramma mange av våre eldre hardt. Einsemda har auka. Det er difor etablert to statlege tilskotsordningar, der over 25 millionar kroner går til tiltak i Vestfold og Telemark.
Merk at søknadsfristen er 20. september 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd hos eldre skal 11,5 millionar delast ut. Målet er å stimulere til innovative tiltak for å skape og oppretthalde aktivitet og sosial kontakt.
Målgruppa er eldre som er heimebuande eller i omsorgsbustad. Frivillige lag oppfordrast til å søkje.
For det andre tilskotet, «aktivitetstilbod og besøksvert», er det 14,1 millionar til utdeling. Målet her er at kommunar legg til rette for besøksvert og meiningsfull aktivitet i sjukeheim og omsorgsbustad.
Fylkesmannen inviterte alle interesserte til et informasjonsmøte i Larvik torsdag 10. september. Les innlegga frå møtet. Informasjonsmøtet blei også filma i sin heilhet, sjå videoen her (oppgi passord 100920).
Frist for å søkje på tilskota er 20.09.2020.
Meir informasjon om dei to tilskota finn du i vår tilskotskalender Sjå under Lenker.
Kontaktpersonar
-
Randi Askjer
Tlf: 33 37 23 96