Kompetansesamlingar våren 2021
Vi har vore gjennom ein aktiv periode i haust med mange fagsamlingar på Teams mynta på den kommunale landbruksforvaltninga. No er vi i gang med planlegging av kompetansesamlingar våren 2021, og vi vil gjerne ha forslag og ønsker frå dykk på tema. Forslag frå vår side er så langt:
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.01.2021
- Kommunen si internkontroll/internrutinar
- Miljøomsyn for tiltak i vassdrag (i samarbeid med Miljøavdelinga)
- Evaluering av RMP-tilskot 2020
- Forvalting av midlar til SMIL, drenering, tiltak i beiteområde, erstatning avlingssvikt
- Forvalting av Utvalde kulturlandskap (UKL)
- Lovsamling(ar) (Vi vil gjerne ha forslag på tema)
- Skogbruk – tilskotsordningar, skred/ras, kontroll
- Kompetansesamling næringsutvikling i samarbeid med IN og fylkeskommunen
No i starten på året vil nok samlingane bli arrangert på teams, men vi vil sjå på moglegheitane for nokre fysiske møte dersom situasjonen tillet det.
Forslag og innspel til tema og samlingar kan sendast til fmtembr@statsforvalteren.no, helst innan torsdag 21. januar 2021.