Kontinuitetsplanlegging er viktig!

Er landbrukskontora rusta for drift og god oppgåveløysing dersom smittesituasjonen varer over lang tid eller mange på kontoret skulle bli sjuke?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2020

I desse dagar må vi alle tenke på korleis vi kan løyse oppgåvene våre i ulike situasjonar. Covid 19 har endra måten vi kan vere saman på og korleis vi kan arbeide, og denne situasjonen ser ut til å vare lenge.

Førebels er heldigvis få i fylket vårt sjuke, men mange av dykk på landbrukskontora sit på heimekontor, og alle avgrensar kontakt med andre så godt som råd er. Dette vil på sikt påverke oppgåveløysinga vår. Korleis kan de gjennomføre naudsynte kontroller, oppfølgingsbesøk og anna i år? Eit anna og meir akutt problem kjem dersom mange på kontoret vert sjuke samstundes, særleg om det er få tilsette på kontoret. Tenk om dette skjer ved søknadsfrist for PT eller RMP, korleis løyser ein det då? Er det gjort avtaler med nabokommunar om i bidra i slike høve?

Det er naudsynt å tenke gjennom dette før problemet kjem. Vi kallar dette «kontinuitetsplanlegging», og dette inneber ein plan for korleis ein skal oppretthalde kritiske funksjonar når mykje personell er sjuke eller fråverande. DSB har laga ei rettleiing som kan nyttast for å tenke gjennom dette og lage planar. Denne er lagt ved her. Særleg er punkta på side 12 og 13 viktige å tenke gjennom. Dette handlar om 4 steg på vegen til kontinuitetsplan:

  1. Kartlegg utfordringane
  2. Analyser, minimer og prioriter
  3. Vurder tiltak
  4. Lag en kontinuitetsplan

Fylkesmannens landbruksavdeling oppmodar de alle til å lage ein kontinuitetsplan som sikrar at viktige oppgåver og funksjonar vert oppretthaldt på alle landbrukskontora ved stort sjukefråfall og endra arbeidsmåtar. Vi kjem att seinare med førespurnad om ny rapportering om situasjonen hos de, liknande den som blei sendt ut i mars. Men ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom de ser at oppgåver er vanskeleg å gjennomføre eller at andre ting og problem skapar uro. Kanskje kan vi finne løysingar saman.

Vi vil også sjå på korleis vi kan gjennomføre elektronisk kompetansehevande samlingar med de framover. Vi kjem tilbake til de med spørsmål om praktisk gjennomføring og tema i nær framtid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.