Ny versjon av Landbruksdirektoratet sine nettsider
Landbruksdirektoratet har denne veka publisert ei ny og forbetra utgåve av nettsidene for forvaltinga. Det er mellom anna laga «vegvisarar» for dei ulike ordningane, kor all aktuell rettleiing om både regelverk, fagsystem og informasjon til søkjar er samla.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kva er nytt i den nye versjonen?
- Fagsider for jordbruk, skogbruk, eigedom og reindrift
- Vegvisar: Samlesider med informasjon om ei ordning
- Side for søk og filtrering i regelverk og kommentarar til regelverk
- Side for søk og filtrering i digitale tenester og pdf-skjema
Det vil framover stadig bli lansert nytt innhald på nettstaden. Vi er minna om at lenker til Landbruksdirektoratet sine nettsider må oppdaterast da mykje er endra på sidene. Vi oppmodar derfor den kommunale landbruksforvaltninga om å sjekke eventuelle lenker de har bruka til Landbruksdirektoratet og som no ligg ute på nettstadane, verker dei, eller må dei oppdaterast.
Mange kommunar har etterspurt PDF-versjonar av utgåtte rundskriv. Dei er no tilgjengelege under vegvisaren for den einskilde ordning. Utskrift av gjeldande rundskriv har framleis ikkje ei optimal løysing, men Landbruksdirektoratet arbeider med å få på plass dette.
Sjå dei oppdaterte nettsidene til Landbruksdirektoratet her.