Infoskriv nr. 1/2021 - uke 1
- Produksjonstilskot – frist for etterregistreringar 10. januar
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-1
- Viktige RMP-fristar for kommunane
- Klimasats
- Viktig informasjon om skogfondet for nytt år
- Produksjonstilskot – bruk ny nettlesar
- Utlysing av fylkesvise midlar til Klima- og miljøprogrammet
- Oppdatert e-postliste for landbruksavdelinga
- Hjelpeskjema for KOSTRA landbruk
Produksjonstilskot – frist for etterregistreringar 10. januar
Føretaka som har søkt om produksjonstilskot for 2020 har frist 10. januar for å etterregistrere opplysningar i søknaden. Kommunane sin frist for handsaming av etterregistrerte opplysningar er 19. januar. Frist for gjennomføring av kontrollar og føring av opplysningar frå kontrollane i eStil PT er óg 19. januar. Det er framleis fleire kommunar som ikkje har registrert nok kontrollar til å fylle kravet om 10 % kontroll.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-1
Virkesdata/ forsending 2021-1 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga så fort som mogeleg.
Viktige RMP-fristar for kommunane
- Godkjenne/avvisa/avslå: 29. januar
- Statsforvaltaren låser satsane: 5. februar
- Attestering: 19. februar
- Endring av kontonummer i LREG-tenester: 25. februar
Klimasats
No kan kommunane søke om klimasatsmidlar for 2021. Søknadsfristen er 15. februar. Tiltak innan jordbruk og skogbruk kan få stønad. Ta gjerne kontakt ved spørsmål! Les meir her.
Viktig informasjon om skogfondet for nytt år
Her kjem informasjon om skogfond på nyåret:
Produksjonstilskot – bruk ny nettlesar
Landbruksdirektoratet melder at sakshandsamarar som bruker Internett Explorer 11 ikkje får lagra avvikskommentarar i fagsystemet eStil PT. Frå august 2021 skal Microsoft slutte med brukarstøtte for nettlesaren Internett Explorer 11. Landbruksdirektoratet prioriterer ikkje feilretting knytt til Explorer. Sakshandsamarar bør bruke andre nettlesarar, som Microsoft Edge, Google Chrome eller Mozilla Firefox.
Utlysing av fylkesvise midlar til Klima- og miljøprogrammet
Statsforvaltaren har lyst ut fylkesvise midlar til klima- og miljøprogrammet: Fylkesvise midlar til klima- og miljøprogrammet
Oppdatert e-postliste for landbruksavdelinga
Fylkesmannen har bytt namn til Statsforvaltaren, og vi har fått nye e-postadresser. Vedlagt er ny adresseliste for landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Hjelpeskjema for KOSTRA landbruk
Til landbruksforvaltninga i kommunane. Vedlagt ligg hjelpeskjema for KOSTRA landbruk. Dette er ei støtte i kommunane si rapportering for 2021.