Infoskriv nr. 16/2021 - uke 18
- Viktig informasjon - godkjenning av Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-5
- Kven gjer kva i landbruksavdelinga
- Ny løysing for endring av kontonummer i Altinn
- Webinar 'Klimatiltak i landbruket'
- Retningsliner for NMSK skogkultur – lag lenke frå fagsystemet
Viktig informasjon - godkjenning av Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Det er innført ny funksjonalitet i fagsystemet eStil PT for å sikra at den som fattar vedtak har budsjettdisponeringsmynde, og at vedtak blir godkjente av ein annan enn den som har behandla søknaden. Det er ikkje lenger teknisk mogleg at endeleg godkjenning blir gjort av same person som har sett søknaden til førebels godkjent. Kommunane må gjera følgjande:
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-5
Virkesdata/ forsending 2021-5 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. mai.
Kven gjer kva i landbruksavdelinga
Vi har laga ein ny oversikt som viser kven som jobbar med kva fagområde på landbruksavdelinga. Oversikten viser òg kontaktinformasjon til den enkelte.
Du kan sjå oversikten til høgre på nettsida for kommunal landbruksforvalting.
Ny løysing for endring av kontonummer i Altinn
Landbruksdirektoratet har utvikla ein ny teneste for sjølvbetjent registrering av kontonummer. Ein kan no registrera kontonummer for utbetalingar til seg sjølv som privatperson.
Webinar 'Klimatiltak i landbruket'
Bli med på webinaret frå Miljødirektoratet: 'Klimatiltak i landbruket'. To kommunar, Steinkjer og Ringsaker, deler erfaringane sine. Webinaret er 25. mai, kl. 10-11.
Retningsliner for NMSK skogkultur – lag lenke frå fagsystemet
Etter ei påminning frå Statsforvaltaren førre veke, har mange kommunar lagt ut sine tiltaksstrategiar på kommunen si nettside. I den nye versjonen av ØKS har de moglegheit til å legge inn ei lenke til kommunen si nettside. Bruk denne funksjonen: