Infoskriv nr. 18/2021 - uke 20
- Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
- Ny versjon av Landbruksdirektoratet sine nettsider
- Brukartilgangar
- Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og Statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i mai 2021 er:
Ny versjon av Landbruksdirektoratet sine nettsider
Landbruksdirektoratet har denne veka publisert ei ny og forbetra utgåve av nettsidene for forvaltinga. Det er mellom anna laga «vegvisarar» for dei ulike ordningane, kor all aktuell rettleiing om både regelverk, fagsystem og informasjon til søkjar er samla.
Brukartilgangar
Husk å gi beskjed til brukaradministrator hos Statsforvaltaren dersom nokon på landbrukskontoret sluttar, slik at tilgangane til Landbruksdirektoratet sine fagsystem kan takast bort.
Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
Etter førespurnad frå ein kommune, har Statsforvaltaren laga ei oversikt over viktige fristar for tilskotsordningane i landbruket.