Infoskriv nr. 20/2021 - uke 23
- Gode arbeidsmøte om Areal ute av drift
- Demonstrasjon i Agros for sjukdomsavløysing
- Demonstrasjon i Agros for SMIL, UKL og verdsarv
- Demonstrasjon i Agros for ordninga Drenering
- Informasjon til bonden
- Kompetansesamling skogbruk
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-6
- Power-point frå teamsmøte om forskot på erstatning for avlingssvikt
Gode arbeidsmøte om Areal ute av drift
Vi vil takke kvar og ein for god deltaking på arbeidsmøta om Areal ute av drift i mai. Alle kommunane har delteke og har starta opp arbeidet med registrering i sin kommune. Det var mange gode vurderingar og diskusjonar, og dykk i kommunane sitt nærast areala og brukarane.
Demonstrasjon i Agros for sjukdomsavløysing
Landbruksdirektoratet inviterer til Teamsmøte 15. juni der dei vil presentere den nye versjonen av Agros for sjukdomsavløysing. Målgruppa for møtet er saksbehandlarar hos statsforvaltaren og kommunane som er brukarar av fagsystemet.
Demonstrasjon i Agros for SMIL, UKL og verdsarv
Landbruksdirektoratet innkallar til opplæring og bruk av fagsystemet AGROS for SMIL, UKL og verdsarv. Det er 16. juni 2021 kl 10.00-11.30. Det vil vere fokus på nye funksjonar og forbetringar. Link til møtet på teams verte sendt i eigen e-post.
Demonstrasjon i Agros for ordninga Drenering
Landbruksdirektoratet inviterer til demonstrasjon i Agros for ordninga Drenering 17. juni (kl. 13:30-15:00).
Informasjon til bonden
I dag blei eit nytt informasjonsskriv frå Statsforvaltaren sendt til bønder i Vestfold og Telemark.
Kompetansesamling skogbruk
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestfold og Telemark til et Teams-møte om aktuelle skogsaker 17. juni.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-6
Virkesdata/ forsending 2021-6 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. juni.
Power-point frå teamsmøte om forskot på erstatning for avlingssvikt
I frukthagar og bæråkerar har tre og plante frose i hjel i vinter. Der det er stor skade og det kan oppstå likviditetsproblem, kan det vere aktuelt å søke om forskot på erstatning for avlingsskade. Dette var tema på teams-møte 08.06.2021 kl. 14.00-14.30.