Infoskriv nr. 24/2021 - uke 33
- Betre enn frykta på jordbruksareala
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-8
- Kurstilbod frå Kompetansenettverk lokalmat øst
- Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form
- Virkesforsending 2021-07
- Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket
Betre enn frykta på jordbruksareala
Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-8
Virkesdata/ forsending 2021-8 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. august. Hugs òg å godkjenna forsendinga for juli om du ikkje har gjort det endå.
Kurstilbod frå Kompetansenettverk lokalmat øst
Noreg er delt inn i fem Kompetansenav som utarbeider tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og vitjingsordning som er tilpassa bedriftenes behov. I tillegg til disse fem regionale Kompetansenavene, tilbyr også Matmerk kompetanse innan marknadstenester for same målgruppe.
Kompetansesamlingar hausten 2021 – vi ønsker forslag på tema og form
Sjølv om det enno er sommar, går det raskt mot haust og ein kvardag med høgt tempo og faglege utfordringar. Vi er i gang med å planleggje kompetansesamlingar for den kommunale landbruksforvaltninga denne hausten. Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dykk om både aktuelle tema og type samling innan fredag 20. august.
Virkesforsending 2021-07
Forsendinga vart klar for godkjenning to veker seinare enn planlagt. Forseinkinga skyltes feil i data som Skogdata fekk frå tømmerkjøparar, og ferieavvikling hos Skogdata har gjort at feilretting har tatt tid.
Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet har sendt endringar i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket på høyring. For å bidra til betre oppfølging og forvaltning av miljøkrava i forskrifta, foreslår departementet endringar i § 4 tredje og fjerde ledd om tilskot for ivaretakelse av kulturlandskap og etablering av vegetasjonssoner mot vassdrag.