Infoskriv nr. 31/2021 - uke 40
- Kommunesamlinga
- Resultatkartlegging og foryngingskontroll 2021
- Tilskot til tiltak mot Skrantesjuke (CWD)
- Bondens eigne erfaringar med fornybar straumproduksjon - ny ressurs
- Førebuing i kommunane på fristen for å søke om produksjons- og avløysartilskot, 15.10.21
- Utbetaling skogfond
- Nytt om RMP-kart og klimarådgjeving
- Forslag om endra miljøkrav i forskrift om Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
- Nytt rundskriv om avlingssvikt
Kommunesamlinga
Kommunesamlinga for landbruksforvaltninga er 16.-17. november på Bø hotell. Vi ønskjer dykk alle velkomen og gleder oss til ei fagleg og sosial samling. Program og påmelding kjem innan kort tid. Men vi kan røpe eit variert, dagsaktuelt og engasjerande program!
Resultatkartlegging og foryngingskontroll 2021
Vi minnar om at fristen for innrapportering i ØKS for resultatkartlegging og foryngingskontroll er 15. oktober 2021.
Tilskot til tiltak mot Skrantesjuke (CWD)
Husdyrhaldarar som har dyr på Hardangervidda kan søkja tilskot til kostnadar for nye saltinnreiingar. Målet er å hindra spreiing av Skrantesjuke på hjortevilt.
Bondens eigne erfaringar med fornybar straumproduksjon - ny ressurs
Noregs Vel har akkurat avslutta eit prosjekt støtta av Landbruksdirektoratet, der dei har snakka med fleire bønder om erfaringane deira med lokal straumproduksjon. Dei har òg snakka med fagfolk om interessante tema innan fornybar energi. Resultatet er ei nettside der alle intervjua er samla - nokon som skrivne artiklar, nokon som podcastar.
Førebuing i kommunane på fristen for å søke om produksjons- og avløysartilskot, 15.10.21
Når søknadsfristen for produksjons- og avløysartilskot nærmar seg, bør kommunane ta høgde for at einskilde søkjarar treng hjelp. I år fell søknadsfristen for produksjons- og avløysartilskot på fredagen i haustferien.
Hugs òg på at kommunen sin plan for risikobasert kontroll skal vera klar innan søknadsfristen 15.10.
Utbetaling skogfond
Det blir inga utbetaling av skogfond i veke 41.
God haustferie!
Nytt om RMP-kart og klimarådgjeving
Landbruksdirektoratet kjem i dag med nyttig informasjon:
Forslag om endra miljøkrav i forskrift om Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
I produksjonstilskotsforskriftas § 4 tredje og fjerde ledd er det satt som vilkår for å få tilskot for areal at det ikkje gjerast inngrep som forringer kulturlandskapet samt at det er etablert vegetasjonssoner mot vassdrag.
Nytt rundskriv om avlingssvikt
Ordninga har fått nytt namn. Ho skal nå heite «Tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjonen»