Infoskriv nr. 34/2021 - uke 43
- Tilskot til tettare planting
- Tilskot ved produksjonssvikt
- Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
- Mentorordning i landbruket
- Godkjenning i eStil- RMP
Tilskot til tettare planting
Landbruksdirektoratet har utsett søknadsfristen til skogeigar for tilskot til tettare planting frå 7. november til 25. november. Kommunanes frist for behandling er 3. desember.
Tilskot ved produksjonssvikt
Fristen for å søke om tilskot ved produksjonssvikt går ut søndag kveld (31.10.2021) kl 23:59. Det er fint om de som jobbar i kommunane, minner aktuelle produsentar på fristen.
Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
Husk å følgja med på årshjulet for viktige fristar før jul. Årshjulet finn du til høgre på sida "For kommunal landbruksforvalting"
Mentorordning i landbruket
Vedlagt følgjer informasjon frå Norsk landbruksrådgiving:
Godkjenning i eStil- RMP
Frå og med søknadsomgangen 2021 er eStil endra slik at «endeleg godkjenning» av søknaden må gjerast av ein annan enn den som har behandla søknaden.
Alle kommunane må gi Statsforvaltaren beskjed om kven som skal tildelast rolla ESTIL_VEDTAK_RMP (kommunen må óg bekrefta at personen som skal tildelast rolla har budsjettdisponeringsmynde for RMP)