Infoskriv nr. 39/2021 - uke 48
- Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar
- Feil i avviksrapporten PT
- Klimatilpasning: Kommunar kan søka tilskot
- Søk klimasats no!
- Revidert rettleiar til matjordplan tilpassa det nye fylket
- To nye avgjerder etter jordlova frå Landbruksdirektoratet
- Skogfond
- Store skogskadar etter stormen
- Minnar om: Stenging av Agros
- Minnar om: Skogfondsoppgåver før årsoppgjeret
Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar
Dei fleste kommunane er godt i gang med saksbehandlinga, men nokon har enno ikkje starta. Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått er 23. desember.
Feil i avviksrapporten PT
Grunna tilleggsforhandlingane i oktober er det mange som kjem ut med feil i avviksrapporten, sjølv om det ikkje er feil. Dette skuldast nye satsar. Det er planlagd retta i byrjinga på desember, men det er førebels ikkje i orden.
Klimatilpasning: Kommunar kan søka tilskot
No kan det søkast tilskot til arbeid med klimatilpasning i 2022. Søknadsfristen er 15. februar.
Søk klimasats no!
Klimasats er ei ordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutta utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet.
Revidert rettleiar til matjordplan tilpassa det nye fylket
I samband med plansaker skal det krevjast matjordplan dersom det har følgjer for dyrka og dyrkbar mark.
To nye avgjerder etter jordlova frå Landbruksdirektoratet
Den eine saka gjeld spørsmål om fleire gards- og bruksnummer i ein kommune utgjorde ei driftseining etter jordlova § 12. Den andre saka gjeld frådeling av tilleggsjord.
Skogfond
Hugs å sjå over innboksen i ØKS , spesielt "søknader returnert til skogeigar". Kommunane må godkjenne søknader med tilskot innan fredag 3. desember. Utbetaling av skogfond utan tilskot har frist 20. desember.
Store skogskadar etter stormen
Stormen som herja nord i fylket 19. november har stadvis ført til store skadar på skogen. Skogeigarar må ta kontakt med profesjonelle for å få rydda opp. Slikt arbeid er farleg! Skogeigarar som har forsikring må melde inn skaden til forsikringsselskapet så snart som råd.
Publisert 08.11.2021
Minnar om Stenging av Agros
I perioden 13. desember til og med 3. januar vil Agros vera stengt for godkjenning av nye vedtak. Alle saker som skal utbetalast/blir innkravde i 2021, må vera godkjent i Agros før det blir stengde.
Publisert 10.11.2021, Sist endret 25.11.2021
Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret
Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast i ØKS: