Infoskriv nr. 4/2021 - uke 4
- Produksjonstilskot – sjekkliste før attestering av vedtak
- Tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a. er no fordelt til kommunane i ØKS
- Nye nettsider - WebSkas - rettleiing
- Nye nettsider - Sjukdomsavløysing
- Nye nettsider - SMIL, Utvalde kulturlandskap og verdsarvordninga
- Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark
- Viktige RMP-fristar for kommunane
- Produksjonstilskot – viktig melding om § 4 i forskrifta
- Erfaringar med økt satsing på grøntsektoren i Vestfold og Telemark
- Tildeling av landbruksrelatera tilskot til kommunane i Vestfold og Telemark 2021
- Produksjonstilskot – forbetringar/rettingar i eStil PT
Produksjonstilskot – sjekkliste før attestering av vedtak
Ein del av kommunane har allereie attestert sine vedtak om produksjonstilskot for 2020. Statsforvaltaren oppmodar likevel alle kommunar til å ta ein ekstra sjekk før vedtak vert fatta ved attestasjon. Vi har oppdatert sjekklista som ligg til høgre på denne side.
Tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a. er no fordelt til kommunane i ØKS
Landbruksdirektoratet har nå lagt inn i ØKS (økonomisystem for skogordningane) tildelinga til Vestfold og Telemark for ordningane innan nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) med tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a.. Statsforvaltaren har samstundes fordelt midlane for desse ordningane til kommunane i fylket i samsvar med tildelingsbrev 22.01.2021 herifrå til kommunane.
Nye nettsider - WebSkas - rettleiing
Landbruksdirektoratet har laga ei kort rettleiing som viser korleis skogeigar kan komma til for å logga inn på skogfondskontoen frå dei nye nettsidene, den følgjer vedlagt.
Nye nettsider - Sjukdomsavløysing
Førre veke vart dei nye nettsidene til Landbruksdirektoratet lansert. Dei er bygd opp ganske annleis enn dei gamle nettsidene. Landbruksdirektoratet har gitt oss ei oversikt over dei viktigaste endringane:
Nye nettsider - SMIL, Utvalde kulturlandskap og verdsarvordninga
Dei nye nettsidene er utvikla med utgangspunkt i behovet til brukarane og tilfredsstiller statlege krav til universell utforming. Ein av fleire viktige betringar, er at forvaltninga får sin eigen «inngang» til nettsidene.
Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark
Statsforvaltaren er blitt tildelt midlar for eit nytt år med satsing innan fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dei som kan søkje er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruket og landbruksbasera næringar i fjellområda.
Viktige RMP-fristar for kommunane
- Godkjenne/avvisa/avslå: 29. januar
- Statsforvaltaren låser satsane: 5. februar
- Attestering: 19. februar
- Endring av kontonummer i LREG-tenester: 25. februar
Produksjonstilskot – viktig melding om § 4 i forskrifta
Landbruks- og matdepartementet har informert om at det er sett i gang eit arbeid me då revidere § 4 tredje og fjerde ledd i forskrift om produksjons- og avløysartilskot. I påvente av at dette arbeidet vert ferdig, ber departementet landbruksforvaltinga om å avvente praktisering av § 4 tredje ledd og fjerde ledd. Landbruksdirektoratet presiserer at dette òg gjeld for søknadsåret 2020.
Erfaringar med økt satsing på grøntsektoren i Vestfold og Telemark
Den nasjonale satsinga på grøntsektoren i 2019 blei teke godt i mot i Vestfold og Telemark. Vi har sett stor interesse og søknadspågang for tilskot til å vidareutvikle grøntproduksjonane i fylket.
Tildeling av landbruksrelatera tilskot til kommunane i Vestfold og Telemark 2021
Statsforvaltaren har no tildela kommunane i Vestfold og Telemark fylke dei landbruksrelatera tilskota for 2021 som kommunane skal forvalte. Tildelingane mogleggjer stor aktivitet innan ulike fagfelt det komande året.
Produksjonstilskot – forbetringar/rettingar i eStil PT
Landbruksdirektoratet gjorde 21. januar følgjande endringar i eStil PT: