Infoskriv nr. 15/2021 - uke 17
- KOSTRA rapportering - til kommunane
- Kantsoner og tiltak i vassdrag
- Påminning om Webinar
- Kommunane sine retningsliner for NMSK skogkultur skal offentleggjerast
KOSTRA rapportering - til kommunane
Vi minner kommunane på å kvalitetssjekke sine KOSTRA tall fram mot endelig publisering 15. juni. I vedlegget kan dykk sjå tala for kommunen. Vi ber dykk sjekke at det stemmer og korrigere om det er feil eller manglar.
Kantsoner og tiltak i vassdrag
Foredrag fra kompetansesamlinga om kantsoner og tiltak i vassdrag er no publisert her. Foredraga er også publisert på SMIL-sida hos Statsforvaltaren.
Påminning om Webinar
NIBIO vil halde kurs om kartgrunnlaget i arealplanlegginga 6. mai og 11. mai frå kl. 9.00- 11.00. Dei vil gå gjennom ulike temakart som er nyttig å kjenne til, og bruken av desse for kommunane si plan- og landbruksforvalting. Påmeldingsfrist: 3. mai, kl. 16:00.
Kommunane sine retningsliner for NMSK skogkultur skal offentleggjerast
I tildelingsbrevet frå Statsforvaltaren til kommunane for 2021 står det at kommunane sine retningsliner for NMSK-tilskot til skogkultur skal offentleggjerast. Vidare står det at tilskotssatsane skal meldast til Statsforvaltaren.