Infoskriv nr. 17/2021 - uke 19
- Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
- Webinar om Gardskart
- Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting
- Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
Etter førespurnad frå ein kommune, har Statsforvaltaren laga ei oversikt over viktige fristar for tilskotsordningane i landbruket.
Dokumentet finnes i høgre kolonne her
Webinar om Gardskart
NIBIO lanserte ein ny versjon av Gardskart-tenesta i april, med ny visuell profil og fleire funksjonar som opnar for nye bruksområde. Torsdag 27. mai kl. 12.00-12.30 er det webinar om Gardskart.
Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting
Landbruks- og matdepartementet sendte 11. mai på høyring forslag til midlertidig forskrift om tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. Statsforvaltaren ber dykk om å vente med å handsame refusjonskrav om planting til ny forskrift er fastsett.
Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Landbruksdirektoratet vil også i år gjennomføre massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret til hausten. Sjå dokumentet frå Landbruksdirektoratet her, og viktige datoar under.