Infoskriv nr. 23/2021 - uke 26
- God sommar
- Skogfond - Mange vedtaksbrev via Altinn
- Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-7
- Nyheiter om RMP
- Høyring forslag om endring av forskrift til regionale miljøtiltak i jordbruket
- Ekstraordinært plantetilskot våren 2021 - sentrale aktørar er godkjente
- Mogleg produksjonssvikt - presentasjon
- Ingen utbetalingar i fagsystema i veke 29 og 30
- Redusert utbetaling av skogfond i sommar
God sommar
Det blir sommarpause på utsending av nyheitsbrev på e-post til kommunane i juli.
Skogfond - Mange vedtaksbrev via Altinn
Denne feilen har skyltes eit problem med tenesta som sender dokument til arkivering. Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har vore utsett for dette problemet, så dei kan alle ha opplevd same feil.
Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt
Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt pga. klima eller mangel på arbeidskraft er kommunen sitt ansvar. Kommunen skal ifølgje regelverket kontrollera alle føretak som melder om produksjonssvikt pga. mangel på arbeidskraft og 10 % av dei som melder om produksjonssvikt av klimaårsaker. Om kommunen gjer avtale med nokon hos NLR, må kommunen dekka jobben NLR gjer økonomisk. NLR har elles ikkje noko ansvar for kontroll i desse sakene.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-7
Virkesdata/ forsending 2021-7 er klar for kontroll fredag 9. juli, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 30. juli.
Nyheiter om RMP
Denne veka er det publisert ei nyheitssak om RMP.
Høyring forslag om endring av forskrift til regionale miljøtiltak i jordbruket
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har i dag send på høyring eit forslag om endring av forskrift 14. mai 2019 nr. 621 om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Vestfold og Telemark. Høyringsfristen er 16. august. Sjå vedlegg.
Ekstraordinært plantetilskot våren 2021 - sentrale aktørar er godkjente
Sentrale aktørar etter den mellombelse forskrifta § 2 første ledd er godkjente. Det vart dei same 7 som i 2020:
Mogleg produksjonssvikt - presentasjon
Vedlagt er presentasjonen som vart brukt på Teamsmøtet med kommunane om måndagen:
MINNAR OM
Ingen utbetalingar i fagsystema i veke 29 og 30
På grunn av ferieavvikling i Landbruksdirektoratet vil det ikkje bli køyrt utbetalingar i veke 29 og 30
Redusert utbetaling av skogfond i sommar
På grunn av ferieavvikling vil det berre bli utbetalt skogfond ein gang i løpet av veke 27-30. Utbetalinga vil truleg bli i starten av veke 29.