Infoskriv nr. 6/2021 - uke 6
- Matnasjonen Noreg
- Skogsvegar utan tilskott – statistikk for 2020
- Skogfond - årsoppgave for 2020 skal sendast ut på nytt
- Kompetansesamling - Internkontroll i kommunane – innføring
- Lansering av ny nasjonal strategi for urbant landbruk - verktøy for auka berekraft
- ØKS - Virkesdata/forsending 2021-2
- Inspirasjonsfilm for å auke matgleda for eldre på institusjonar
- Rettleier for risikobasert kontroll av tilskot og utbetalingar frå skogfond
Matnasjonen Noreg
Regjeringa la i dag fram strategien Matnasjonen Noreg. Bak denne strategien stend Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Skogsvegar utan tilskott – statistikk for 2020
Statsforvaltaren minner kommunane på å sende inn innan 17. februar 2021 oppgåve over ferdig bygde skogsvegar bygd utan tilskott.
Skogfond - årsoppgave for 2020 skal sendast ut på nytt
Landbruksdirektoratet har vedtatt å tilbakestille og produsera nye kontoutskrifter for 2020, der tilvisningane til næringsoppgåve m.m. er med. Statsforvaltaren vil sende ut nye kontoutskrifter til Altinn neste veke (med unntak for nokre kommunar).
Kompetansesamling - Internkontroll i kommunane – innføring
Hugs å melde dykk på samlinga "Internkontroll i kommunane - innføring" som skal vere 19. februar.
Lansering av ny nasjonal strategi for urbant landbruk - verktøy for auka berekraft
Tysdag 9. februar lansera Landbruks- og matdepartementet regjeringa si nye nasjonale strategi for urbant landbruk «Dyrk byer og tettsteder». 7 statsråd har underteikna dokumentet og inviterer no til samhandling på tvers.
Statsforvaltaren vil bidraga til å gjere strategien kjent og medverke til at den kan bli eit verktøy for auka berekraft; byggje kunnskap kring matproduksjon og dei store samanhengane.
ØKS - Virkesdata/forsending 2021-2
Virkesdata/ forsending 2021-2 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. februar.
Inspirasjonsfilm for å auke matgleda for eldre på institusjonar
Alle som arbeider med å kjøpe inn, lage og servere mat til eldre vil ha nytte og glede av Matgledekorpset.
Rettleier for risikobasert kontroll av tilskot og utbetalingar frå skogfond
Det er no laga ein versjon av denne rettleiaren tilpassa dei nye nettsidene.