Agros - SMIL og UKL

Vedlagt følgjer ny informasjon om digital utbetalingsoppmoding og etterrapportering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Digital utbetalingsoppmoding

Digital utbetalingsoppmoding for søkjarar via Altinn er no tilgjengeleg for SMIL og Utvalgte kulturlandskap. Les meir om dette her: Brukerveiledning for søkjar i Altinn - digital utbetalingsoppmoding .

Merk at Landbruksdirektoratet har laga nye rapporteringsskjema som er obligatoriske å leggje ved utbetalingsoppmodinga for del- og sluttutbetaling

Det vil vere ulike krav til rapportering og dokumentasjon for gamle og nye saker. I nye vedtak fatta etter 1. mai 2020 skal Landbruksdirektoratet sin rapporteringsmal nyttast ved utbetalingsoppmoding. For vedtak fatta før 1. mai er det ikkje eit vilkår, men det er tilrådd at alle nyttar same rapporteringsskjema.

I tilskotsbrevet må de hugse å ta med kva for krav de set til rapportering, til dokumentasjon og korleis utbetaling skal skje. Kommunen kan i tilskotsbrevet stille fleire krav til innhaldet i rapportering ut frå lokale forhold. 

 

Saksbehandlar kan som tidlegare registrere utbetalingsoppmoding på vegne av søkjar i Agros

Dersom kommunen har motteke skriftleg utbetalingsoppmoding frå søkjar, utanom Agros, må saksbehandlar registrere utbetalingsoppmodinga i Agros på vegne av søkjar.

Ein vanleg saksgang vil vere at kommunen sitt postmottak/servicesenter mottek utbetalingsoppmodinga, og arkiverer denne på gjeldande sak i arkivet. Saksbehandlar blir varsla gjennom arkivrutinar at det har kome post til behandling. Saksbehandlar må då vere kjend med at behandlinga av utbetalingsoppmodinga skal skje i Agros.

Kort fortalt skal du søkje fram riktig sak i Agros, velje oppgåva «Registrer utbetalingsoppmoding», legg inn opplysingane som søkjer har sendt inn og deretter behandle utbetalingsoppmodinga slik det er skildra i rettleiinga her: Brukarrettleiing for saksbehandlar i Agros - behandle digital utbetalingsoppmoding og etterrapportering

 

Etterrapportering av saksbehandlar

Det er laga ein ny funksjon i Agros for at saksbehandlar skal etterrapportere på saker som er sluttutbetalt og avslutta. Funksjonen er no tilgjengeleg for UKL og ARV. Funksjonen blir etter planen tilgjengeleg for SMIL seinare i 2020. Les meir om dette her: Brukarrettleiing for saksbehandlar i Agros - behandle digital utbetalingsoppmoding og etterrapportering

 

Landbruksdirektoratet er seinka med andre brukarrettleiingar

Alle dokumenta som det er vist til her ligg på fagsidene for dei tre ordningane i direktoratet under fanen saksbehandlar.

Landbruksdirektoratet er dessverre seinka med andre brukarrettleiingar i Agros for UKL og Verdensarv. Inntil vidare kan saksbehandlar støtte seg på informasjon som ligg fagsidene hos direktoratet og brukarrettleiing for SMIL og Drenering i Agros (OBS- Brukarrettleiing for SMIL/Drenering er ikkje oppdatert med nye funksjonar i 2020 eks. digital utbetalingsoppmoding og etterrapportering).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar