Erstatning ved svikt i produksjonen 2020
Som tidlegare år kan det løyvast erstatning for svikt i plante- og honningproduksjonen som er årsaka av klimatiske tilhøve. I år kan det i tillegg løyvast erstatning for svikt i produksjonen av frukt, bær, grønsaker og potet som er årsaka av at koronarestriksjonar har ført til mangel på arbeidskraft.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Produsentar som trur dei vil koma til å søkje om erstatning for svikt i plante- og honningproduksjonen, må melde frå til kommunen med det same. Kommunen skal gjere stadleg kontroll hos alle føretak der produksjonssvikten skuldast mangel på arbeidskraft.
Dei nye forskriftene er klare. De finn dei her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-01-17-56?q=erstatning%20ved%20klimabetinget%20avlingssvikt
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-08-01-1215
Søknadsskjema og nytt rundskrivet (2019/30) er under utarbeiding. Ny informasjon vert lagd ut her så fort han er klar.