Forvaltningskontrollar innan landbruksområdet 2021
Statsforvaltaren har no sendt brev til alle kommunar i Vestfold og Telemark med varsel om forvaltningskontrollar i 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.03.2021
Brevet seier litt om bakgrunn for forvaltningskontrollar og kva vi vil leggje vekt på i kontrollane, mellom anna kommunen sin internkontroll for ordninga.
Det er lagt ved ein tabell i brevet som syner kva for kommune som skal ha forvaltningskontroll innan dei ulike ordningane. Kvar kontroll skal avtalast nærare med kvart einskilde kontor, så brevet seier ikkje noko om tidspunkt for kontrollane i denne omgangen.
Vi ser fram til god dialog med dykk.