Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Landbruksdirektoratet vil også i år gjennomføre massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret til hausten. Sjå dokumentet frå Landbruksdirektoratet her, og viktige datoar under.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Massivoppdatering vil seie at arealtal blir oppdaterte for alle kommunar i løpet av september, utan at kommunane treng å bestille. Grunnlaget for oppdateringa er arealtal frå jordregister som blir automatisk produsert hos NIBIO i første halvdel av september. NIBIO vil etablere ein kontrollert kopibase av AR5, dermed må AR5 i sentral base vere oppdatert i god tid.
Viktige datoar:
- 19.8.: Frist for kommunar som oppdaterer AR5 i lokal base. Oppdatert AR5 må sendast til Fylkeskartkontoret.
- 26.8.: Frist for kommunar som oppdaterer AR5 i sentral base (Sentral FKB).
- 26.8.: Opplysningar i Landbruksregisteret om kva grunneigedommar som er tilknytt kva landbrukseigedom bør vere oppdatert.
- 26.8.: Landbrukseigedommar som eventuelt skal sjåast bort frå oppdatering må vere merka i Landbruksregisteret.
- 1.9.: NIBIO startar arealutrekning gjennom produksjon av jordregister (batch-jobb). Landbruksdirektoratet oppdaterer arealtal i Landbruksregisteret fortløpande.
- 1.10.: Søknadsomgang for produksjonstilskot del 2 blir opna. Arealtala i Landbruksregisteret er oppdatert.
I perioden frå 1. september vil ikkje kommunane ha moglegheit til å bestille jordregister og sende inn arealtal sjølv.
Etter at Landbruksregisteret er oppdatert gjennom den automatiske rutinen, blir det opna opp for kommunanes bestilling igjen. Jordregister kan bestillast på nettsida om jordregister hos NIBIO.
Kontaktpersonar
-
Knut Sindre Vale
Tlf: 33 37 23 76 / 97 51 99 64 -
Miriam Himberg
Tlf: 33 37 23 74