Kartløysingar tilgjengeleg for kommunar og andre aktørar

Her på sida har vi lagt ut 3 kartløysingar til bruk for kommunar og andre aktørar. Det kan komme fleire kartløysingar etter behov. Under er lista opp dei ulike løysingane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2020

Verdifulle jordbrukslandskap

Data her var tilgjengeleg på Fylkesmannen i Telemark sin kartløysing, og viser verdifulle jordbrukslandskap i innmark (RMP Telemark). Dette er område tenkt for tilskot til RMP tiltak. For enkelte kommunar er data under evaluering, så ta kontakt med Fylkesmannen om dette først.

Jordbruksareal ute av drift

Kartløysinga viser område som kan være ute av drift ved at det ikkje er søkt om produksjonstilskott eller delvis er søkt om produksjonstilskott. I løysinga er det ein sveip-funksjon for å sjå på flybilete under. 3 pilotkommunar er med i eit prosjekt for å lage løysinga slik at den kan fungere som et godt verktøy for kommunane. Meir informasjon kjem.

SMIL-WEB (krev pålogging)

Kartløysinga var tilgjengeleg på Fylkesmannen i Telemark si heimeside, og er nå lagt ut på nytt. Data er dei same som for tidlegare løysing. Her er det mogleg å registrere spesielle miljøtiltak i jordbruket og status på tiltaka. For meir informasjon kontakt landbruksavdelinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar