Matrikkel-meldingar i Landbruksregisteret

I samband med kommune- og regionsreforma blei det generert svært mange meldingar i Landbruksregisteret frå Matrikkelvasken. Landbruksdirektoratet har fått tilbakemelding frå fleire kommunar om at det er vanskeleg å finne endringar som bør følgjast opp når lista med meldingar blei lang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2020

Dei vil derfor markere alle Matrikkel-meldingane som kom 01.01.2020 som lesne i databasen, bortsett frå ikkje-leste meldingar som gjeld eigedomstilknyting.

Dersom de ønskjer at det ikkje skal gjerast, send epost til support@landbruksdirektoratet.no innan 11.03.2020.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar