Ny versjon av Agros

Den nye versjonen inneheld blant anna løysing for digital innlevering av utbetalingsoppmodingar via Altinn og endringar i saksbehandlarløysinga relaterte til utbetalingsoppmodingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.04.2020

Det står att litt når det gjeld rettleiingar og tilpassingar per ordning, og Landbruksdirektoratet har derfor venta med å gjere utbetalingsoppmodinga tilgjengeleg for søkjarane. Dei kjem til å aktivere utbetalingsoppmodinga for dei ulike ordningane så fort dette arbeidet blir ferdig.

De kan lese meir om den nye versjonen på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er allereie i gong med neste versjon av Agros som er forventa ferdig mot slutten av april. I denne leveransen vil det blant anna bli mogeleg for søkjarar å endre eigen kontaktinformasjon. Det vil også bli laga ein funksjon for administrering av varslingsadresser til godkjennarar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.