Ny viltforskrift frå 1. april
Ei av endringane i den nye viltforskrifta er at avgjerdsmyndigheita for skadefelling av kvitkinngås i fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, og Agder no er flytt frå fylkesmannen til kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljødirektoratet har vedteke «Forskrift om skadefelling, dødt vilt og bruk av vilt i oppdrett, forsking og dyrepark» med verknad frå 1. april. Forskrifta regulerer skadefelling av dyr som for eksempel gjer skade på avlingar, bygningar eller annan eigedom.
Bestanden av kvitkinngås veks i Sør-Noreg og påfører landbruket omfattande avlingsskadar. Skadefelling av kvitkinngås har god effekt då dei er lite sky for menneskeleg aktivitet.
Kontaktperson i Miljødirektoratet:
- Nils Kristian Grønvik, seniorrågivar
- E-post: nils.kristian.gronvik@miljodir.no