Nye produsentnummer frå 2020

Alle produsentar i Vestfold og Telemark vil frå 1. januar 2020 få nye produsentnummer som følgje av fylkessamanslåinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2019

Merking av dyra

- Alle dyr fødde etter 1. januar 2020 skal merkjast med nye øyremerkjer.

- Dersom ein ikkje er ferdig med å merkje dyra innan 1. januar 2020, må ein merkje med øyremerkjer som var gyldige då dyret blei født.

- Når alle kalvar fødde før 1.1.2020 er merkja, skal ubrukte øyremerkjer med gammalt produsentnummer kastast.

- Dyr som er korrekt merkja og registrert i Husdyrregisteret før 1. januar 2020, skal ikkje ha nye øyremerkjer.

- Opphavsmerke skal ikkje fjernast.

Det er viktig at produsentanes kontaktopplysingar er oppdaterte hos Landbrukets Dataflyt (tidlegare Produsentregisteret), slik at informasjonen når fram til produsentane. Meir informasjon står på nettsidane til Landbrukets dataflyt.

 

Nytt nummer i øyremerkjer for storfe frå 2020

Hausten 2019 vil alle storfeprodusentar få eit dyrehalds-ID frå Mattilsynet. Dette nummeret skal frå 2020 brukast i øyremerka på storfe saman med individnummeret. Meir informasjon om nye øremerkar til storfeprodusentar hos Mattilsynet.

 

Meir informasjon om nye kommunenummer kan du lese her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar