Oppdatering av RMP-tilskotet etter jordbruksoppgjeret

Nettsida for RMP er oppdatert med avklaringar rundt erosjonsrisikoklassane som vart gjort i jordbruksoppgjeret og avklaringar med Landbruksdirektoratet og FM Viken rundt fôrmais.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Dei gamle erosjonsrisikokarta gjeld enno eit år fordi drågkart skal inkluderast i dei nye karta. Nye kart vil gjelda frå neste år. Dei førebelse satsane frå 2019 blir derfor vidareført i år.

Fôrmais kan i 2020 gjevast tilskot til ugrasharving (òg ved radrensing), fangvekstar som underkultur og inga jordarbeiding om hausten. Det vil berre gjelda eit år då vi håpar å kunna endra den nasjonale instruksen og få til ein betra ordning for fôrmais og andre radkulturar neste år.

Her er oppdatert rundskriv frå Landbruksdirektoratet med saksbehandlingsrutinar for RMP 2020.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar