Produksjonstilskot – nytt i eStil PT
Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og Statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i mai 2021 er:
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.05.2021
Det er gjort følgjande forbetringar i fagsystemet for søkjarar:
- Etter at føretaket har trykt på knappen «Kontroller søknad», er knappen «Send søknad» synleg både øvst og nedst i seksjon «Oppsummering og send». Endringa er gjort for å hindre at føretak gløymer å sende inn søknaden.
- Føretak som ikkje har kryssa av for slaktedyr, men har levert slaktegrisar mv. til slakteri, får varselmelding om manglande avkryssing.
- Føretak med dyr i kode 120 og 121, men ikkje i 118, får melding om at ammekyr av minst 50 % kjøtferase skal førast både i kode 121 og 118.
Det er gjort følgjande forbetringar i fagsystemet for sakshandsamarar:
- Det er innført to-trinnsgodkjenning av søknadar i eStil PT (som nemnd i eigen nyheitssak og e-post til kommunane.
- Under «Vedtak - endeleg godkjenning» synast berre søknadar i eigen kommune.
- I felt der sakshandsamar skal skrive grunngjeving er det lagt til tekstredigeringsverktøy.
- Under rapportar er det lagt ut ein ny rapport over kontrollerte føretak.
- Under avansert søk: når ein utfører eit avansert søk på p-kodar, kan søkjeresultatet eksporterast til Excel. Excel-arket viser nå tal i p-kodar, utbetalt beløp mv.