Produksjonstilskot – nytt i fagsystemet

I fagsystemet eStil PT vart det gjort fylgjande endringar denne veka:

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.06.2020
  • PDF-filer av søknaden skal innehalde varsel- og informasjonsmeldingar
  • Om søkjer kryssar «nei» på søknad om avløysartilskot, skal det visast i PDF-versjonen av søknaden
  • Vedtaksbrev får ein tabell som syner grunnlag for berekning av AK-tilskot for grovfôr (dyr/grovfôrsalg)
  • I ein søknadsomgang skal arealkontrollane køyre mot LREG fram til ny søknadsomgang opnar 1. mars året etter

Tidlegare i vår vart følgjande endringar i eStil PT gjort:

  • I avviksrapporten synest avvik i tilskotsbeløp. Under seksjon avkorting er feltet for grunngjeving utvida til 7500 teikn.
  • Det er gjort fleire forbetringar i kontrollskjema; det er teke inn informasjon om skjema, teke inn eigne kommentarfelt for søkjer og kontrollør, eige felt for kven som var til stades på kontrollen, kontonummer er fjerna, ein del unødvendig tekst er fjerna og landbrukseigedomar synest ikkje ved kontroll etter del 1.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.